"Grenda Bjørgum" er eit samarbeidsprosjekt mellom Bjørgum Ungdomslag, Bjørgum Idrottslag, Bjørgum Bygdekvinnelag, Lystig 4-H, Bjørgamarka Grendalag og Bjørgum Skule.
"Grenda Bjørgum" er eit initiativ for at det skal skje meir aktivitet, gjerne på tvers av generasjonar, i skulekrinsen vår.
Me ynskjer å laga eit kjempestort "Grendalag" der alle skal kjenna tilhøyrigheit. Stikkord er samhald og fellesskap i grenda, aktivitetar / interesser i nærområdet knytt til leik, lærdom, moro og det sosiale. Me ynskjer at det skal skje mykje i grenda, at grenda skal vera ein triveleg plass å bu.
Me vil samordna og marknadsføra dei noverande aktivitetane i dei ulike laga i grenda, og me vil prøva å få til fleire "nye" aktivitetar.
Me vil vera eit kontaktorgan der ein kan koma med innspel på ting me vil prøva å få gjennomført.
Me ynskjer at personar i grenda skal engasjera seg for fellesskapet, alt frå å hjelpa til for å gjennomføra aktivitetar til å læra ifrå seg ting som andre kan ha glede og nytte av å læra.
Me ynskjer at dette skal verta ein fin måte for tilflyttarar å verta kjent med andre i grenda.
|