|
| Styret i "Grenda Bjørgum" |
Leiar: Bente Rong Dyrdal benterong71@hotmail.com
Kasserar: Trude Gjermo trude.gjermo@kuehne-nagel.com
Skrivar: Margareth Sørheim soeander@online.no
Styremedlemmer:
Eirik Gjerme
Sissel Folkvord sissel.folkvord@voss.kommune.no
|
| Stiftelsesdokument for Grenda Bjørgum |
Stiftelsesdokument for Grenda Bjørgum.
Stiftelsesmøtet vart halde 27.03.2008. Tilstades som stiftarar var Torhild Tennebekk Bjørke (4H), Marta Horvei (4H), Kristin Gullbrå (Idrettslaget), Tormod Knapstad, Stian Ringheim (Ungdomslaget), Bente Rong Dyrdal (4H), Trude Gjermo (Bygdekvinnelaget), og Margareth Sørheim (Grendalaget).
Møtet vart halde på Bjørgum Skule.
Fylgjande styre vart valgt på møtet: Leiar: Stian Ringheim Kasserar: Trude Gjermo Skrivar: Margareth Sørheim Styremedlemmer: Bente Rong Dyrdal, Kristin Gullbrå, Sissel Folkvord og Tormod Knapstad.
FYLGJANDE VEDTEKTER VART GODKJENDE:
1.NAVNET til laget er Grenda Bjørgum, og laget vart stifta 27.03.2008.
2.MÅLSETJING Grenda Bjørgum er eit initiativ for at det skal skje meir aktivitet på tvers av generasjonar i skulekrinsen vår.
3.OMRÅDE Dei som soknar til skulekrinsen Bjørgum.
4.MEDLEMSSKAP Medlemmene består av dei ulike laga i krinsen: Idrettslaget, 4H, Bygdekvinnelaget, Ungdomslaget, Grendalaget og Bjørgum Skule. Kvart lag er representert i Grenda Bjørgum med 1 representant som laga sjølv velgjer frå sitt styre.
5.STYRET Styret skal bestå av minimum 6 representantar, og det skal konstituere seg sjølv med skrivar og kasserar. Leiar skal veljast på årsmøtet, og leiarvervet skal gå på omgang mellom laga. Styret skal: -Iverksetje årsmøtet sine vedtak og bestemmelsar. -Stå for Grenda Bjørgum si daglege leiing og ivareta medlemmene sine interesser ovenfor andre instansar. -Føra kontroll med Grenda Bjørgum sin økonomi. -Oppnevne komiteear eller personar til å løysa særskilde oppgåver. -Etter beste evne freista å oppfylla Grenda Bjørgum sitt formål etter gjeldande vedtekter. -Representera Grenda Bjørgum utad.
Styret held møter når leiar bestemmer det, eller når eit fleirtal av styremedlemmane forlangar det. Alle saker og all korrespondanse skal leggjast fram på styremøta. Styret sine vedtak skal nedskrivast i styrereferat. Styret har disposisjonsrett over Grenda Bjørgum sine midlar til alminnelige administrative føremål, og rett til å bevilga beløp til gjennomføring av vedtak. Alle utbetalingar skal attesterast av kasserar før utbetaling. Utbetalingar over kr 5000,- skal i tillegg attesterast av leiar. Styret rår og over eventuelle eigedelar laget måtte ha. Styret har ikkje lov til å setja laget Grenda Bjørgum i gjeld på nokon måte. Leiar og kasserar har signaturrett. Styret er beslutningsdyktig når 3 eller fleire av styremedlemmane, herav leiar eller nestleiar, er til stades. Referat frå styremøta skal distribuerast til styremedlemmane seinast ved påfølgjande møte. Leiar har 2 stemmer ved uavgjort avstemming. Elles har alle lag 1 stemme ved sin representant.
6.KONTINGENT Det skal ikkje betalast kontingent i Grenda Bjørgum. Eventuelle kostnader skal fordelast likt på laga med unntak av Bjørgum Skule.
7.ÅRSMØTET Grenda Bjørgum sin øverste myndigheit er årsmøtet. Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av mars kvart år. Tid og stad vert bestemt av styret, og skal kunngjerast med minst 4 vekers varsel. Forslag til saker må vera styret i hende innan ein frist som styret bestemmer. Innkallinga skal angi dei saker som skal behandlast på årsmøtet, og vera tilgjengelege for medlemmane minst ei veke før årsmøtet. Årsmøtet kan berre fatta vedtak i saker som er oppsette på innkallinga. Alle medlemmane i laga som utgjer Grenda Bjørgum har adgang til årsmøtet. Årsmøtet er vedtaksført med det antal medlemmer som møter. Vedtak på årsmøtet vert fatta med allminneleg fleirtal. Ingen har meir enn ei stemme, og berre dei frammøtte har stemmerett. Årsmøtet behandlar: -Årsmelding -Revidert rekneskap og budsjett for komande år. -Inkomne forslag. -Planar for komande år. -Val av leiar. Leiar set for eit år om gongen, og sitjande leiar kan ta attval. Leiar skal veljast ut av dei representantane som er valde frå kvart lag. -Val av revisor Det skal veljast dirigent til å leia årsmøtet, og ein referent.
8.EKSTRAORDINERT ÅRSMØTE Ekstraordinert årsmøte skal haldast når styret finn det naudsynt, eller når minst 2/3 av medlemmane kjem med skriftleg krav om det. Innkalling og avvikling fylgjer same prosedyre som ved ordinært årsmøte.
9.OPPLØYSING Oppløysing av Grenda Bjørgum kan berre behandlast på ordinært årsmøte. Vert oppløysinga vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal det kallast inn til ekstraordinert årsmøte 3 månader seinare. For at oppløysinga skal skje, må vedtaket då gjentakast med 2/3 fleirtal. Det skal då veljast eit avviklingsstyre som skal stå for avviklinga. Det ordinære styret kan veljast som avviklingsstyre. Eventuelle midlar skal fordelast likt på alle laga bortsett frå Bjørgum Skule. Eventuelle eigedelar skal avviklingsstyre fordela.
10.VEDTEKTSENDRINGAR Eksisterande vedtekter kan berre endrast på ordinært årsmøte. Avstemming vert avgjort ved alminneleg fleirtal.
|
| SUNDAGSGJENGEN |
Det vert aktivitetar desse sundagane i 2008:
13. januar: SKI-/AKEDAG I SKUTLESÅSEN
27. januar: SKI-/AKEDAG I SKUTLESÅSEN
10. februar
24. februar
9. mars: TUR SKUTLE - GRØNAHORGI
30. mars
13. april
27. april: PARAGLIDING PÅ FENNASTØLANE
11. mai
25. mai: LOPPEMARKNAD
8. juni: FRIIDRETTENS DAG
24. august: TUR TIL GRØNAHORGI
7. september: FOTBALLENS DAG
21. september: TUR TIL SKAMDALSHORGI
5. oktober
19. oktober: TUR BJØRGUM - SKUTLE - KINNE - BJØRGUM
2. november
16. november
30. november
7. desember
Etterkvart som aktivitetane kjem på plass vil du kunna lesa meir om dei i kalendaren.
|
| Oppsummering møte 17-10 2007 |
Her kjem ei oppsummering frå møtet me hadde på skulen.
Innspel frå deltakarane på møtet var;
- "Guitarhero" Her har Harald alt laga til kurs! - Datakurs for eldre. - Quiz-kveldar (både for ungdom og andre). - Merking/skilting av gamle vegar og stad-namn. - Legge ut bok ulike stader som t.d Potten der ein kan skrive seg inn. - Lesesirkel. - Bytekveld (evt. saman med loppemarknad). - Tacokveld i Solheim (for ungdomen) for å få dei i tale på kva dei ynskjer skal skje i grenda.
Tilbakemeldingar i løpet av møtet:
- Rektor melder at skulen gjerne vil bidra og at: - skilt til merking av gamle stader kan lagast på skulen. - til dataopplæring stiller skulen lokale og maskiner til disposisjon. - personale på skulen vil kunne bidra når det gjeld planlegging og evt. gjennonføring av idrettsskule. - Grisagutane på Istad og Tippen tek mest sannsynleg ansvar for gjennomføring av loppemarknaden til våren. - Ungdomslaget arrangerer taco-kveld for ungdomsskuleelevane i Solheim fredag 23. november (meir info kjem på heimesida). Denne kvelden håpar ein at ungdomen kjem med ynskjer og forslag til aktivitetar som dei vil delta på. - Grendalaget har i etterkant av møtet sagt at dei vil prøva å få til ein kveld før jol med juletrehogst, nisse, graut og hest.
Vidare idear frå Grenda Bjørgum om ulike grupper og aktivitetar:
- Sundagsgjengen (organiserer fellestur/aktivitet helst ute, annankvar sundag rundt 20 gonger i året). Eksempel på aktivitetar; Ski- /akedag x 3, tur til Horndalsnuten, tur Hildestveiti-Opelandsstølen-Potten, tur Kleivane-Potten, joletrehogst med nissegraut og hest, kassabil-løp, fotballens dag, marknad, motorcross, loppemarknad, open gard, få tandemturar i paraglider på Fenno med "Fenno Flyers", friidrettens dag, laga til stafett liknande Raundalsstafetten for store og små, orientering i ulike former. - Idrettsskule/barnetrim. - Dugnadsgjeng (m.a. bordtennisbord og utescene/amfi). Torgeir Gjelland tok på seg å laga teikningar til desse tinga, men må ha hjelp til å laga det til grunna dårleg rygg. - Ungdomar som leiarar i dei ulike laga / elevbedrifter. - "Eldregruppe" som kjem med innspel på ting dei ynskjer skal skje. - Interimstyre "Grenda Bjørgum". - + private initiativ
Ledige stillingar :-)
- Har me fleire som samen med Unni Fosse kan vera med og prøva å laga til idrettskule? Kontakt Unni på unni.fosse@helse-bergen.no - Kan nokon visa eldre bruk av data og internett? - Kan nokon surfa på nettet eller finna spørsmål andre plassar til quiz´ar for store og små? Lagar nokon til spørsmåla skal Grenda ordna resten av gjennomføringa. - Kan nokon vera ansvarleg for å prøva å dr igang ein lesesirkel? - Kunne nokon tenka seg å vera med og koordinera aktivitetane i Sundagsgjengen? Dei ulike laga vil arrangera mange av dei så her er det mest snakk om å koordinera alle desse. Det skal vera ganske enkelt no med kalendaren på plass. - Kven er kyndige med hammar i hånd og kan verta med ein kveld eller to i haust og laga til bordtennisborda og utescene / amfi til våren? Ta kontakt med Torgeir på tlf. 915 99050.
Klart de seier ja til å verta med på noko her. Send ein mail til tormod@vinsand.noeller kontakt personane over.
|
| Kva er "Grenda Bjørgum"? |
"Grenda Bjørgum" er eit samarbeidsprosjekt mellom Bjørgum Ungdomslag, Bjørgum Idrottslag, Bjørgum Bygdekvinnelag, Lystig 4-H, Bjørgamarka Grendalag og Bjørgum Skule.
"Grenda Bjørgum" er eit initiativ for at det skal skje meir aktivitet, gjerne på tvers av generasjonar, i skulekrinsen vår.
Me ynskjer å laga eit kjempestort "Grendalag" der alle skal kjenna tilhøyrigheit. Stikkord er samhald og fellesskap i grenda, aktivitetar / interesser i nærområdet knytt til leik, lærdom, moro og det sosiale. Me ynskjer at det skal skje mykje i grenda, at grenda skal vera ein triveleg plass å bu.
Me vil samordna og marknadsføra dei noverande aktivitetane i dei ulike laga i grenda, og me vil prøva å få til fleire "nye" aktivitetar.
Me vil vera eit kontaktorgan der ein kan koma med innspel på ting me vil prøva å få gjennomført.
Me ynskjer at personar i grenda skal engasjera seg for fellesskapet, alt frå å hjelpa til for å gjennomføra aktivitetar til å læra ifrå seg ting som andre kan ha glede og nytte av å læra.
Me ynskjer at dette skal verta ein fin måte for tilflyttarar å verta kjent med andre i grenda.
No er det høve til å gjera tinga ein ofte snakkar om skulle vore moro å få til eller gjort, men som det aldri vert noko av
Kva er gjort til no?
Tanken bak "Grenda Bjørgum" byrja rundt det faktum at dersom ein ikkje spelar fotball har det vore svært få sportslege aktivitetar å ta seg til i grenda dei siste åra. Her har sjølvsagt dårlege vintrar gjort sitt til at t.d. skiaktiviteten har vorte mindre, men det skulle vera mogeleg å få til fleire tilbod for dei som kanskje ikkje spelar fotball.
Desse tankane vart delt med nokre fleire pr. mail og i samtalar. Her kom ideen om å laga ei webside for grenda der kvart lag kunne få informera om sine aktivitetar og der det låg ein kalendar der ein enkelt kunne finna ut kva som skjedde av aktivitetar til eikvar tid.
Desse ideane vart så lagt fram til dei ulike laga på eit møte me hadde i vår og det vart der bestemt at dette ville dei vera med på og prøva å få til.
No i haust har websida http://www.grenda-bjorgum.no/ vorte laga til.
På baksida av denne brosjyra vil du finna tidspunkt for "Folkemøtet" me har laga til der me vonar de vil møta. Her vil me informera om prosjektet så langt, dei ulike laga vil presentera kva dei held på med og ikkje minst vil me vonaleg få mange gode innspel frå dykk på ting de kunne tenkt dykk me skulle fått til.
Sjå verdien av at det skjer mykje i grenda me bur i.
Websida.
På websida http://www.grenda-bjorgum.no/ vil du finna mykje informasjon om grenda. (Merk at det skal vera bokstaven o istaden for ø) Her har dei ulike laga kvar si side kor dei presenterer seg sjølve med informasjon om styre og anna. Bjørgum skule har eiga side der dei legg ut informasjon om skulen, skuleruta og info frå FAU.
Du vil finna gjestebok der du kan senda ei helsing eller du kan bruka den som tapt/funne av ting i grenda, du vil finna lenkjer til nyttige Vossa-websider som Voss Kommune, Svein Ulvund, "Hordaland" og veret på Voss. Der vil kvart lag og skulen óg leggja ut lenkjer som er aktuelle for dei. Me vil leggja ut bilder frå aktivitetar, har du bilder frå turar eller anna i grenda så send dei gjerne til oss.
Til høgre på sida ligg aktuell informasjon. Her vil du finna informasjon når nye ting skjer. Ynskjer du å verta informert når noko skjer kan du melda deg på mailgruppa og få ei påminning.
Vonaleg vil me også laga til ei SMS teneste på mobiltelefon, der du kan få beskjed om ting som skjer med kort varsel. Det kan t.d. vera at me lagar til ein akedag ein dag det vert fint ver. Dette vil me koma tilbake til.
Nederst til venstre på sida vil du finna kalendaren. Der kan du gå inn og sjå kva som skjer i tida framover. Der legg kvart lag inn aktivitetar med opplysningar.
Dersom de har datoar på andre ting som skjer i grenda av generell interesse som t.d. produksjon av skosmurning, gje beskjed og me skal leggja det inn i kalendaren.
Sjå verdien i det vesle ekstra i det me gjer, skidagar med varm drikke og pylser på termos, lapskaus på dugnadar.
Kva ynskjer du skal skje i grenda?
Grenda Bjørgum skal vera plassen der du skal kunne koma med innspel som me prøver å få gjennomført. Ein snakkar ofte om ting i ulike samanhengjar som ein ynskjer å få til, men som ofte strandar med tanken. Så kva ynskjer DU at skal skje?? Her har me sett opp ein del eksempel som me so langt har snakka om.
Fjellturar, "grendavandring" til spesielle stader i grenda, feiring av jonsok etc., joletrehogst med hest, slede og nissegraut, dramagruppe (skodespel), kassabil-løp, ungdomsklubb, spelekveldar, dans, open gard, teikne- og målekurs, laga hobbyting, kor, bingo, quizkveldar, ungdomsklubb, lær å spela eit instrument, revy, korgafest, gamaldans, eldretreff, strikke-kafé.
Me vil og prøva å laga kurs og aktivitetar som berre går over få kveldar. Døme her kan vera; Fotokurs, enkelt bilhald, utfylling av sjølvmelding, flatbrødbaking og trearbeid.
Me vonar å få laga til ein idrottsskule for dei yngste. Dersom vintrane vert meir stabile vil me setja igang igjen med karusell-renn i Skutlesåsen. I tillegg til vinteridrettane vonar me å kunna vera innom andre idrettar som orientering, basketball, volleyball og anna.
Så langt har ein heil del ting vorte laga til. Framover hausten og på vårparten vert det arrangert spelekveldar, arbeidsstove, joleverkstad og nissefest for dei minste. Det vert innføring i slektsgransking og open dag i motorcrossløypa i Kyrkjeteigen. Det er og planlagt leikarring, swingkurs, dans, loppemarknad og fyrstehjelpskurs til vinteren / våren. Dette har dei ulike laga tatt på seg, no har dei ikkje kapasitet til fleire ting, så andre nye aktivitetar må me gå på enkeltpersonar for å få gjennomført.
Kva ynskjer du skal skje??? Ta forslag til kontaktinfo på siste sida av brosjyra.
Kvifor skal me reisa andre plassar for å gjera ting me sjølve kan få til i grenda?
Kva kan du bidra med?
Byrjar me med tanken om at dersom alle bidreg med noko for fellesskapet vil me ha kome veldig langt. Er det vidare noko du brenn ekstra for er det fint om du kan vera med på å arrangera noko rundt dette.
Dei "eldre" i grenda kan kanskje læra frå seg tradisjonar som det kan vera viktigt at yngre generasjonar kan vidareføra for at ikkje lærdom skal gå tapt. Kanskje ein kunne vera med på arbeidsstover eller strikkekveldar saman med dei yngre borna? Heilt sikkert moro for alle partar! Kanskje nokon kunne ta på seg å vera guide i grenda ein sundag eller to og fortelja om spesielle ting og plassar?
Alle foreldre har ikkje moglegheit til å bidra med noko jevnleg i styrer eller som trenarar eller leiarar, men på eit eller anna tidspunkt i løpet av året bør ein ha tid til å bidra med noko for borna og fellesskapet sin del, ellers er prioriteringane feil. For dei som kjem innunder denne kategorien har me planar om å laga til ein dugnadsgjeng som kan kallast inn ved behov for gjeremål i grenda. Alt frå vedlikehald av anlegg og bygningar til nye prosjekt.
I planane rundt den nye aktivitetsparken ved skulen er det fleire prosjekt som treng kyndige arbeidsfolk med kunnskap og arbeidsutstyr, som t.d. ballvegg, amfi, samværsplass med grill, utandørs bordtennisbord, sykkelskur og dei større prosjekta som turnbasseng og ape- og tarzanjungel. Ynskjer du å sjå bilde av nokre av desse tinga finn du det her frå Skudneshavn skule. Sjå under bilder til venstre på sida. http://www.skole.karmoy.kommune.no/lek/tekstno.htm
Ungdomane kan t.d. vera med som leiarar i dei ulike laga på aktivitetar for dei som er yngre eller at dei kan laga eigne aktivitetar gjennom elevbedrifter på skulen dersom dei har slike prosjekt. Jamfør fadderordningen på skulen, det er alltid stas å vera med dei som er litt større!
Bruk kontaktinfoen på baksida for å melda di interesse for å vera med, det vert laga mail- eller sms-grupper og du vil verta kontakta når gjeremål dukkar opp.
Neste gong du ryddar heime, tenk om det er noko som kan nyttast i ulike aktivitetar. Kanskje du har eit gamalt fotballspel, kurongspel, bordtennisbord eller brettspel som borna har vokse ifrå som de kan gje vekk i staden for å kasta? Eller kanskje du ha liggjande nokre gamle klede, sko eller hattar som kan nyttast som kostymar dersom det vert laga til drama-/ revygruppe?
Planen er og at me skal arrangera eit loppemarknad til våren der inntektene går til grenda på eit eller anna vis. ( Kanskje nye tribunar på idrottsplassen eller amfi ved skulen? ) Då er det fint om de har lopper til det. Tenk særskilt på "dyre" ting som ein fort veks ut av som skeiser, syklar etc.
Er du næringsdrivande har du kanskje ting som du kan gje som gåver som kan nyttast som premiar til aktivitetar. Ynskjer du å støtta oss økonomisk for at me skal kunna gjennmføra fleire og kanskje betre aktivitetar, vil me leggja ut stor takk på websida og eventuell link til dykkar eige webside.
Dersom du ynskjer å vera med å bidra bruk kontaktinfo på baksida.
Set deg eit mål om ihvertfall å gjera ein ting til beste for fellesskapet i grenda i året.
Kva skjer vidare no?
No vonar me at du vil koma med innspel på ting du ynskjer me skal prøva å få til. Send på mail eller ring om desse innspela eller ta dei med på møtet på skulen onsdag 17. oktober kl. 18:00. Der vonar me at ein del av ideane skal verta sett ut i verda ved at nokon tek på seg å gjennomføra dei.
Vidare treng me nokre få personar som er viljuge til å vera med i interimstyret for "Grenda- Bjørgum" det neste året. Desse vil jobba tett saman med dei ulike laga og koordinera alle aktivitetar. Tek du utfordringa??
Til slutt, "ynskjeliste" på ting som hadde vore moro å fått gjennomført før nyttår? -Nokon til å ta på seg Quiz kveld i Solheim for dei vaksne. -Nokon til å ta på seg joletrehogst med hest, slede og nissegraut
Me har vore så heldige å verta sponsa av "Grisagutane" på Tippen og Istad med 2 boksar lærfeitt, dei 2 fyrste som tek på seg nokon av gjeremåla over får kvar sin boks av dette eksklusive produktet!
Hugs møtet på
Bjørgum skule
Onsdag 17. oktober kl. 18:00
Møt fram store og små.
Kontaktinfo: Tormod Knapstad tormod@vinsand.no 56517677 415 54522
|
|