:: FAU ::
FAU Bjørgum skule 2011-2012
1. klasse Are Flattun
vara Jannicke Ophaug

2. klasse Hege Sunde Jordalen
vara Britt Straume

3. klasse Unni Fosse
vara Tove Haukås Fosse

4. klasse Anne Magrethe Seim Bakketun
vara Bodil Hellevang

5. klasse May Britt Opheim Veka
vara Gunnhild Midthun

6. klasse Perline Dugstad
vara Marit Reutz Ringheim

7. klasse Margareth Sørheim
vara Anita Sleen

Leiar FAU Torbjørn Søgaard

Anne Margrethe Seim Bakketun er nestleiar i FAU,
May Britt Opheim Veka er kasserar og Unni Fosse er skrivar.
Medlem SU er Anne Margrethe Seim Bakketun og Torbjørn Søgaard. Medlem KFU er Are Flattun

Me har møte ein gong i månaden og tek der opp saker som vedkjem skulen. Dersom det er saker de ynskjer å ta opp må de ikkje nøla å ta kontakt med nokon av oss.

Årsmøte i FAU tirsdag 24 mai 2011
Årsmøte i FAU


Føredrag:
Overlege Marit Hafting frå BUP heldt eit interessant føredrag.
Temaet var ” Born psykisk helse og skule”

Sakliste:
Val av ordstyrar , Tormod Knapstad.
Val av referent, Berit Klyve .
Årsmelding, Tormod Knapstad las opp årsmelding, ingen merknad til denne. Godkjent rekneskap lagt ved årsmelding.

Val av leiar, revisor og valnemnd

Ny leiar i FAU : Torbjørn Søgård

Revisor: Åse Helleve Høyland

Valnemnd: Bente Fenne ( 2 år), Sigurd Knappstad ( 2 år), Jostein Fykse ( 1 år)

Referent
Berit Klyve

Referat frå FAU møte 2 mai
Referat FAU møte måndag 2 mai

Til stades: Perline Dugstad, Sissel Folkvord, Anne Margrethe Seim, Hege Sunde, Tove Fosse, Berit Klyve og Tormod knapstad.

Sak 1 Referat sist møte godkjent

Sak 2 Rektor informerer

Alle foreldremøte er gjennomført, det har vert godt oppmøte.
Sissel er i gang med å intervjue personer til dei to ledige stillingane på skulen.
Det er 62 born som har meldt seg på SFO.

Sak 3 Årsmøte
24 mai kl. 19.00
Marit Hafting frå BUP skal halda eit foredrag.
Dei som er med i FAU må møta kl. 18.30, for å setja på plass stolar og bord.
Det blir servert frukt.

Sak 4 Status 17 mai og jonsokfeiring
17mai er under kontroll.
1.klasse har ansvaret for jonsokfeiring. FAU vil sponsa 1500 kroner til arrangementet.

Sak 5 Ymse
Øyeflaten driv på å grev grøft til å leggja straum til ute scenen.
4. og 5. klassen skal ha ansvar for å beisa ute scenen, det skal vera ferdig til 20 juni.
Om elevane skal dekorera på ute scenen vert dette gjort etter at det er beisa.
Det bør verta betre rutinar på utlevering av mjølk, elevane har fått mjølk som er gått ut på dato fleire gonger.

Referent
Berit Klyve

Referat frå Fau møte 4 april
Referat frå FAU møte 4 april 2011
Til stades: Hege Sunde, Bente Fenne, Tove Fosse, Anne Margrethe Seim, Perline Dugstad, Anita Sleen, Berit Klyve, Sissel Folkvord og Tormod Knappstad.

Sak 1 Referat sist møte godkjent

Sak 2 Rektor informerer.
Skulen har hatt foreldremøte med 1. klasse
Foreldremøte og foreldre samtaler er no i gang. Det er viktig at det
blir skrive referat frå foreldremøte.
Lærarane på Voss hadde ein lærerik planleggingsdag, der temaet var læringsmiljø.
Det er mange som har søkt om å delta på leksehjelp neste skuleår,
det er eit tilbud for elevene i 2. %96 4.klasse.
Det blir lyst ut lærarstillingar til neste skuleår.
Sissel er no i gang med medarbeider samtaler.

Sak 3 Årsmøte, føredragshaldar
Årsmøte er 24 mai kl. 19.00
Tema på møte er endå ikkje bestemt, ein skal spørja BUP om dei har forslag til eit interessant tema.

Sak 4 17. mai/ jonsokfeiring
Ansvar for 17 mai er 7. klasse, Tormod søkjer om midlar.
17 mai feiringa på skulen startar kl. 17.00
Ansvar for Jonsok er 1. klasse.

Sak 5 Vidare frå sist møte, økonomi
FAU har fått 31 000 kroner frå næringsmiljø anleggsmidlar.
FAU har da tilsaman 66 000 kroner. Det vart bestemt at ein skal bruka
kr.25000 til straum på utescenen. Leif Ove Øyeflaten er sagt seg villig
til å grava grøft. Dette vil han gjera på dugnad, men må han for eksempel sprenga så skal FAU kosta dette.


Sak 6 Ymse
Foreldra i 3. og 5. klasse tar ansvar for beising av utescenen
Det er fint om borna kan setja sitt preg på utescenen, at dei for eksempel kan dekorera ein vegg.
Det skal veljast nye klassekontakar og FAU medlemmer, det kan
vera fordel å få fleire menn til å verta med i FAU.
Det skal og veljast ny FAU leiar.
Dei som er i val nemnda er Britt Straume, Torbjørn Søgård og Laila Kvitne.
Det blir arbeid vidare med fleirbrukshallen.
Det kom eit spørsmål til Sissel om lærarar på skulen kunne/ burde
vera venner med elevar på Face book. Ho synes ikkje dette var lurt, ho skulle ta det opp med lærarane.

Referent Berit Klyve

Referat frå FAU møte 14 mars
Referat frå FAU møte måndag 14 mars

Til stades: Sigurd Knappstad, Anne Margrethe Seim, Bente Fenne, Jostein Fykse,
Ragnhild Bøe, Berit Klyve, Hege Sunde, Sissel Folkvord og Tormod Knappstad.



Sakliste


Sak 1 Ingen kommentarar på referat frå sist møte.

Sak 2 Rektor informerer
Alle skulane i kommunen skal bruka Its learning som læringsplattform.
Frist for å søkja plass på SFO og leksehjelp er 25 mars.
Agnar Lundblad og Asle Nesheim går av med pensjon til sommaren.
Det blir lyst ut to nye stillingar.
Skulen har 0 toleranse for mobbing.

Sak 3 Årsmøte, dato\føredragsholdar.
Tysdag 24 mai, kl. 19.00
Føredragshaldar, blir bestemt på neste møte.

Sak 4 Info rundt fleirbrukshallen
SU har hatt møte, der vart fleirbrukshallen diskutert.
Det vart bestemt at ein vil prøva å få koma på kommunestyre
møte for å presentera saken der.

Sak 5 Info rundt planfri kryssing av riksvegen
Olav Græe informerte FAU om synspunkt han har om de forslag
som Statens vegvesen har utarbeid angåande planfri kryssing
av riksvegen.

Tormod og rektor har hatt møte med Statens vegvesen angåande planfri
kryssing av riksvegen. På møte kom Statens vegvesenet med eit munnleg
framlegg om plassering av bru over veg. Framlegget vart diskutert i
FAU og me ser ikkje på dette som ei god løysing. Dette fordi deler av
planlagt skuleveg/gangveg blir nytta som tilkomst til lagerbygningar
til ei privat bedrift i grenda. FAU ynskjer at Statens vegvesen ser på
andre løysingar.

Sak 6 Vidare frå sist møte, økonomi
Kristin demonstrerte korleis ein kan nytta smart board
i undervisninga.
Skulen har no 1 smart board tavle og ynskjer at alle klassene skal få.
1 tavle kostar 16 000 kroner, rektor kom med førespurnad om FAU
kan kjøpa inn tavler. FAU har no god økonomi og det vart bestemt at
FAU skal kjøpa inn 3 tavler. Skulen skal kjøpa inn to nye tavler no i
vår og ein i starten av 2012.
I 2012 vil alle klassetrinn på skulen ha ei smart board tavle i
klasserommet sitt.


Referent
Berit Klyve

referat frå FAU møte 7 februar
Referat frå FAU møte 7. februar 2011

Tilstades: Hege Sunde Jordalen, Bente Fenne, Jostein Fykse, Anne Margrethe Seim, Perline Dugstad, Berit Klyve, Tormod Knapstad og Sissel Folkvord.

Sak 1. Referat frå sist møte vart godkjent utan merknader.

Sak 2. Rektor informerer.
Årsmeldinga til skulen er ferdig, den skal opp i SU.
Det skal vera ein brukarundersøkelse for foreldre i 7. klasse, dette er ein undersøkelse som ein skal ta på data. Det er viktig at alle foreldre tar denne undersøkelsen.
Skulen driv på med planlegging av neste skuleår. Fyrste klassen til neste år blir på 26 elevar.
Alle lærarane er no med på ein evaluering av drifta av skulen.
Læringsplattform: Det er endå ikkje bestemt kva læringsplattform skulen skal bruka, dette er fordi kommunen forplikta seg til å ha det ut på anbod.
5,6 og 7 klasse skal vera med å spela inn ein cd som skal brukast i forbindelse med NM på ski.
Skulen har arrangert skitur for 4,5,6 og 7 i Bavallen. Det var ein kjempeflott dag, både lærarar og elevar var kjempefornøyde.
Det er viktig at FAU og skulen arbeider vidare med fleirbrukshallen.
4-7 klasse har fysisk aktivitet på slutten av dagen kvar fredag. Skulen må bli flinkare med organisering av denne tida.

Sak 3. Oppsummering jolatrefestar

Overskot på jolatrefestane var ca 10.400 kroner.
Diskusjon rundt jolatrefestane:
Det var veldig mykje folk begge dagar, gymnastikk salen var full.
Me diskuterte tiltak for at det skulle bli betre plass.
Forslag: Ha tre fester i staden for to, kunn fest for små skulen, invitera kunn kjerne familien og ikkje andre slektningar.
I år vart det servert kveitebollar for dei vaksne, nokon reagerte på det.
Om ein skal gjera forandringar til neste år, bør dette diskuterast i det nye FAU til hausten.
Lærarane ynskjer å behalda jolatrefestar omtrent slik som før, der alle elevane deltek. Skulen vil gjerne at festane blir arrangert siste veka før jul. Dei synes og det er kjekt med utlodding av fruktkorger.


Sak 4. Info rundt søknader

.FAU har søkt fylkeskommunen, kulturbygg om midlar til utescene og er lova å få 113.000 kroner.
FAU har søkt om midlar til uteområde, det er søkt om 64 000 kroner og ein får
50 % av det ein har søkt om.

FAU har no god økonomi, me diskuterte kva ein kan bruka noko av pengane til.
Alle vart einige om at pengane bør disponerast slik at dei er til glede\ nytte for alle elevane på skulen.

Forslag:
Strøm til utescenen.
Skitur
Sissel skal diskutera med lærarane om det er noko andre aktiviteter som kan vera kjekke for elevane.
Smartboard er ei digital tavle som ein kan kobla opp mot ei datamaskin . Sissel ynskjer at alle klasserom skal få ei smartboard tavle. Skulen har ikkje økonomi til å kjøpa inn alle, så ho kom med spørsmål om FAU kunne kjøpa noen. På neste FAU møte vil me få demonstrert smartboard.

Sak 5. Ymse

4 ungdomar i 4 H ynskjer å leiga skulen til å ha 4 bingo kveldar. Dei har som oppgåve i 4 H å samla inn pengar til eit prosjekt som heiter “ Hands og Hope”. Dette prosjektet
går ut på å samla inn pengar til vassbrønnar i Sierra Leone. Sissel var positiv til å låna ut skulen til eit slikt godt prosjekt. FAU var tenkt å ha 2 bingo kveldar etter jul, dessevil me avlysa.
Bingo kveldar: 13/2, 13/3 og 10/4.

NB: hugs å gå natteramnar i vinterferien.

Tysdag 8/2 skal Sissel og Tormod har nytt møte med synfaring angåande krysset i hovudvegen.

Skuleguiden blir utsatt til neste skuleår.

Utescenen må beises i vår.

Referent
Berit Klyve

FAU møte 10 januar
Referat frå møte i FAU 10 januar 2011

Tilstades: Hege Sunde Jordalen, Bente Fenne, Anita Sleen, Anne Margrethe Seim, Tove Fosse, Berit Klyve, Tormod Knapstad.

Sak 1. Referat frå sist møte vart godkjent utan merknader.

Sak 2. Rektor informerer
Rektor var ikkje tilstades på møte.

Sak 3. Oppsummering juletrefesten
Me vart einige om å diskutera gjennomføring av juletrefesten på neste møte, sidan rektor ikkje var på møte.

Sak 4. Skulevegen mellom Opelandsvegen og kunstgrasbanen.
I ein gammal avtale med kommunen står det at det skal lagas skuleveg mellom Opelandsvegen og kunstgrasbanen. No vil kommunen setja i gang med vegen. Det er og snakka om at det kanskje blir sett opp gatelys.

Sak 5. Datoar, gjennomføring bingokveldar

Det skal vera 2 bingokveldar. Det er 6. og 7. klasse som har ansvaret for kvar sin kveld.

1.kveld, tysdag 22 februar, 6. klasse har ansvar.
2.kveld, onsdag 23 mars, 7. klasse har ansvar.
Bingoen er frå 18.00 - 20.00. då skal ein vera ferdig å rydda.

Sak 6 .Ymse

Dei som er med i FAU på Bjørgum vart invitert på eit møte med Terje Overland som føredragshaldar, temaet var samarbeid skule/heim. Bente Fenne var på møte og ho synes det var interessant.

Referent

Berit Klyve

FAU møte 6 desember
Referat frå FAU møte 6. desember 2010

Tilstades: Hege Sunde, Sigurd Knapstad, Anne Margrethe Seim, Perline Dugstad, Anita Sleen, Olav Fenne, Berit Klyve, Tormod Knapstad og Sissel Folkvord.

Sakliste:
1)Kommentar referat frå sist møte.
Det var ikkje Solfrid Rokne som har hatt kurs for alle lærarane om bruk av psykologisk førstehjelpeskrin. Namnet er Solfrid Raknes.
2) Rektor informerer.
Prognosen for 1. klasse til neste år er 25 elevar.
Skulen planlegg no neste skuleår. Bjørgum skule har fått beskjed om at dei må ha nedskjeringar på drift.
Fleirbrukshallen, det er ingen politikarar som har tatt tak i dette forslaget.
Elevane på skulen er inne i periode med juleaktiviteter.
I friminutta er det no ein del leikeslåsting blant elevane, dette må skulen få bukt med.
Alle elevane må bruka gang og sykkelvegen, det er stor auke i trafikken etter at barnehagen starta opp i klubbhuset.
Skulen leiger ut til ulike lag og foreiningar på kveldstid. Dette går som regel bra, men det har vert noen uheldige episodar når 4H klubben har leigd skulen. 29 november hadde 4H møte med foreldre og barn. Når ho som Reingjer skulen kom om morgonen sto eine ytterdøra ope , det sto ei blomster urna i døropninga. Det var kunn 2 grader i gangen. Det har og vert fleire episodar med ulåst dør og roting i klasserom etter 4H møte. Rektor har bestemt at 4H må ha medlems møter i Solheim inntil vidare. Dei skal få bruka skulen til haustfesten sin og øvingar til denne. Når dei i ettertid låner skulen skal det alltid vera minst 1 voksen til stades. Det er og viktig at alle som får låna skulen, må låsa dørene når møte/aktiviteten er starta, slik at ikkje uvedkommande får koma inn.
Kateket Rønnaug Skjeldal har invitert Bjørgum skule til vil å vera med på julegudsteneste. Skulen har ikkje økonomi til å leiga buss. Det vart bestemt at skulen skal ta kontakt med Rønnaug Skjeldal for å høyra om dei kan koma på besøk til skulen.
Det manglar lokk på leikekassa ute, det er ynskjelig at det blir reparert snarast.


3) Status jolatrefest
15 desember jolatrefest for 1.- 3. klasse
16 desember jolatrefest for 4. %96 7. klasse
Det er no bestemt at det er 3. og 6. klasse som skal ha ansvar for jolatrefestane.
Før har 4. klasse vert på festen med 1.-3. klasse , men det visar seg at det er meir folk på denne festen, dermed flytta me 4. klasse til festen med storskulen. Det vil bli lodda ut 1 fruktkorg kvar kveld på inngangsbilletten.
4) Skuleguide
På sist møte vart det bestemt at skuleguiden skulle kosta 50 kroner og 30 kroner for sysken, men dette er blitt forandra til 100 kroner og 50 kroner for sysken.
5) Møteplan
10/1, 7/2, 14/3, 4/4, 2/5
Kl. 19.30- 21.00
6) Ymse
Skulen får ofte spørsmål om å dela ut lappar til elevane om ulike fritids aktivitetar.
Rektor synes ein bør ta dette opp i SU, om dette er ei oppgåve som skulen skal gjera.
Musikkbingen, det står no 7000 kroner på kontoen. Svein Prestegård har oppgradert utstyret i bingen. No er kontrakten til gruppene gått ut, det vil bli arrangert eit nytt møte etter nyttår. Dei som ynskjer det kan då skriva kontrakt og få ny øvingstid.
Fleirbrukshallen, det er no ein stram kommuneøkonomi, så det vart bestemt at ein skal venta med fleire innspel frå skulen/FAU. Saka blir tatt opp på nyåret.
Berit Klyve

Referat frå FAU møte 1 november
Referat frå FAU møte måndag 1 november 2010
Til stades: Hege Sunde, Sigurd Knappstad, Jostein Fykse, Berit Klyve, Sissel Marie Berg Tesdal, Ragnhild Bøe og Sissel Folkvord.
Sak 1 . Referat frå sist møte
Godkjent
Sak 2. Rektor informerer
Det er kome ein ny elev i 4. klasse. No er det 161 elevar på skulen. Det er 66 elevar som
nyttar SFO.
Skulane på Voss får no bestemma kva læringsplattform dei vil nytta. Bjørgum skule vil gå over frå: ped it til: its learning. Lærarane vil få opplæring.
Solfrid Rokne har hatt kurs for alle lærarane om bruk av psykologisk førstehjelpeskrin. Skulen har kjøpt inn eit skrin.
Skule har fått ei smartboard tavle. Tavla er sett opp i 3. klassen sitt rom. Dette er eit digitalt hjelpemiddel som ein kan knytte opp til datamaskin. Det er satt i gang eit nettverksamarbeid med andre skular på Voss som har smartboard tavle.
Skulen og SFO har hatt brannøving. Det viste seg at alarmklokkene ikkje virka, dette er no i orden.
Det har føregått tagging på skulen ,mest sannsynleg i helga. Vaktmeisteren vil fjerna det.
Skulen er glad for det nye taket på utescenen, dei synes det er fint . Utescenen blir no mykje brukt av elevar når det regnar.
Sak 3. Status utescene
Utescenen er no ferdig.
Amfiet må beisas til våren.
No når utescenen er ferdig vil ein kunna søkja om midlar til å dekkja kostnadar. Ein vil søkja om 113 000 kroner. Dette er material utgifter og tilskott for dugnadstimar. Ein har brukt ca. 70 000 i material utgifter . Søknaden går til fylkeskommunen kulturbygg.
Ein vil og søkja fylkeskommunen om nærmiljømidlar for å få dekkja halvparten av utgiftene til bordtennisbord og andre ute prosjekt som er utført på uteområdet på skulen. Utgiftene er kr. 80 000 .
Det er ynskjelig å få straumutak i amfiet. Tormod har snakka med Tore Tveidt, om Vangen elektriske kan koma med eit godt tilbod.
Det er eit stort ynskje om å få lys på skuleplassen. Det vart diskutert om det kunne vert sett opp ein lyskastar oppå taket på amfiet.




Sak 4. Datoar joletrefestar
15/12 skal 1-4 klasse ha joletrefest.
16/12 skal 5-7 klasse ha joletrefest.
Pris : 50 kroner for voksne og 30 kroner for barn, familiepris 150 kroner. Besteforeldre og andre slektninger betaler vanlig pris.
Det er 4. og 6. klassene som arrangerer jolatrefestane.
Det kom fram eit ynskje om andre jolesongar i år. Songar som er litt livligare. Sissel ville gjerne at me kom med innspel , så skulle ho trykkja opp nye songar.

Skulen har fått 50 stolar frå Vonheim, Tormod og Sigurd hentar desse.
Sak 5. Info om møte med statens vegvesen
Tormod og Sissel har vert på møte med kommunen og vegvesenet der plan fri gangveg-kryssing over Rv 13 ved Bjørgum vart diskutert. Møtet vart halde for å få informasjon om ynskjer og behov knytt til dei mjuke trafikantane som bruker Bjørgum skule på dagtid og kveldstid. Det vart bestemt at det skal haldast eit nytt møte etter at statens vegvesen har sett på ulike alternativ for gangveg og kva reguleringsplanen elles skal løyse , på bakgrunn av innspela som vart gitt i møtet.
Sak 6. Info om møtet med kommunalsjef vedr. fleirbrukshall
Forslag til ein fleirbrukshall med teikningar vart sendt med budsjett framlegg for
skulen 2011. Else Berit Kyte er munnlig orientert og ho stilte seg positiv til forslaget. Else Berit Kyte skulle ta med seg forslaget vidare til politikarane, då dette er ei politisk avgjersle.
Det er no viktig at foreldra på skulen engasjerar seg i denne saka. Denne saka bør opp i KFU.
Alle naboane til skulen er positivt innstilt til ein fleirbrukshall.
Sak 7. skuleguide
Skulen har laga skuleguide som dei brukar internt. FAU vil trykkja opp guiden slik at elevane kan få kjøpa den. Den vil kosta 50 kroner , er det fleire sysken ,vil dei få den for 30 kroner.
Sak 8. Ymse
Er det saker som skal opp i FAU , skal ein senda melding til Tormod før møte.
Referat frå møte skal leggjast inn på Grenda Bjørgum, skrivar har ansvaret.
Neste møte er 6. desember, det blir då utlevert møteplan .
Det vart bestemt at det blir arrangert to bingo kveldar, 1 i januar og 1 i mars. Det blir klassekontaktane i 6 . og 7. klassane som har ansvar for arrangementet.
Tormod lagar eit info skriv om dette halvåret til elever/føresette.
Det vart samla inn 7000 kroner på konserten som vart arrangert på skulen. Det er oppretta ein eigen konto for musikkbingen.
Skulen har fått 50 stolar frå Vonheim, Tormod og Sigurd hentar desse.
Sissel ynskjer at lokket på leikekassa blir reparert. Jostein Fykse skal sjå på saka.
Berit Klyve

Referat frå FAU møte 20 september 2010
Referat frå FAU møte 20 september 2010
Desse møtte: Tormod Knapstad, Sissel Folkvord, Bente Fenne, Berit Klyve, Jostein Fykse, Sigurd Knappstad, Hege Jordalen, Anne Bakketun, Anita Sleen, Perline Dugstad.

Sak 1. Rektor informerer.
Alle som var tilstades skreiv under teieplikt skjema.
Skulestarten har vert god.
I år er elevtalet på skulen så stort at ein har omgjort sløydsalen til klasserom.
1. klassen har 26 elevar , dei har to klasserom og har 4 vaksne med seg.
Helse og sosial har no ansvar for Selina sin skulekvardag.
Sak 2. Natteravnar 2010-2011.
Sissel har laga ei oversikt over datoar.
Me fordelte dagane på dei ulike klassane , klassekontaktane har ansvar for å finna 2 stk som kan gå kvar kveld.
Ring til rektor fyrst om ein oppdagar noko som må varslas. Får ein ikkje tak i rektor skal ein ringja vaktmeister Arvid Rykke.Rektor tlf. 91773468
Vaktmeister tlf. 95262029
Liste over natteravnar skuleår 2010/2011
1. klasse: 10 oktober, 12 oktober, 13 oktober
2. klasse: 9,11 oktober, 16 mai
3. klasse: 14,15,16,17 oktober
4. klasse: 29,31 desember, 1 januar
5. klasse: 9,10,11,12 mars
6. klasse: 18,20,22,24 april
7. klasse: 30 april, 1, 12 juni

Sak 3. Oversikt over medlemer og varamedlemer til FAU 2010-2011.
Me fekk utdelt oversikt over medlemer og varamedlemer.




Sak 4. Konstituering av FAU.
Nestleiar: Anne Bakketun
Skrivar: Berit Klyve
Kasserar: Bente Fenne
Ansvarleg søknad: Hege Jordalen
Ansvarleg utlån grill: Perline Dugstad
SU: Anne Bakketun og Tormod Knapstad
KFU: Sigurd Knapstad
SMU: Sigurd Knapstad, Anne Bakketun, Tormod Knapstad

Sak 5. Gjeremål dette skuleåret
Skulen vil ha behov for fleire klasserom, dette fordi elevtalet vil stiga framover. Skulen og FAU er kome med forslag om å byggja ein fleirbrukshall for å dekkja behovet. FAU har brukt 10.000 kroner til arkitekt Bård Mossige , som har teikna eit forslag på ein slik hall.
Hallen skal innhalda 2 klasserom, 1 gymnastikksal og 2 garderobar. Ein vil då kunna bruka eksisterande gymsal for eksempel til SFO og ta i bruk sløydsalen igjen. Prisoverslag 23 millionar, ein kan søkja om tippemidlar på 7 millionar. Ein reknar med at ein får inntekter ved å leiga ut gymsalen. Dette framlegget vil bli lagt som vedlegg ved budsjett forslag 2011.

Tormod og Sissel skal på møte med kommunen og statens vegvesen. På møte er det kryssing av Riksveg 13 ved avkøyrsla til Bjørgamarka som skal diskuterast. Tormod vil gjerne ha innspel om gode forslag, som kan presenterast på møte.

Det skal byggjast tak på ute scenen, arbeidet blir starta opp i uke 38. Det skal arrangerast konsert av elevar frå skulen og band som har lånt musikkbingen. Det blir høve til å gje eit bidrag til drift av musikkbingen. Konserten er i uke 40. Det blir laga ein eigen konto til drift av musikkbingen.

Det søkt kommunen om pengar til drift av musikkbingen, dette har FAU fått avslag på.
FAU er ueinige om begrunnelsen til avslaget . Tormod vil senda eit klagebrev der ein ynskjer at kommunen skal foreta ein gjennomgå og revisjon av ”Generelle retningslinjer for tildeling av kommunale kulturmidlar i Voss kommune.”

Musikkbingen kan brukast av alle i grenda , oppfordrar ungdom som er slutta på Bjørgum skule til å bruka den.

Det blir laga skuleguide i år, FAU tar seg av sal.

Sak 5. Møteplan
Møteplanen er ikkje ferdig.

Sak 6. Ymse
Ynskje om fleire husker, dette må takast opp seinare. Ein må venta å sjå om skulen får fleirbrukshall , då må uteområde omgjerast.
Ynskje om skåp ute til sjakkbrikkene, Jostein Fykse er sett på saka.
Basketballkorgene må hengast opp på ein skikkelig måte, Jostein Fykse skal gjera dette.
Trafikk sikkerheit, mange elevar brukar bilvegen til sykkelveg. Ein ynskjer gatelys på sykkelvegen, dette kan vera eit tiltak for at fleire syklar på gang og sykkelstien.
Det blir arrangert ein sykkelens dag for 5, 6 og 7 klassane til våren.
Det kom eit forslag om at kommunen bør sjå på SFO betalinga . No betaler brukarane for 1 time morgon og 3 timar ettermiddag. Forslaget var om ein kan betale kunn det ein bruker, for eksempel berre for ettermiddag timane. Skal dette bli tatt opp som sak til kommunen, må det ein reel undersøking til om det er mange som har same behov.
Det er lite lys på skuleplassen, rektor vil ta dette opp med vaktmeisteren og diskutera kva ein kan gjera med dette.



Referent
Berit Klyve

REFERAT ÅRSMØTE FAU ONSDAG 26 MAI 2010.

Tormod Knapstad opna møte og ynskte velkomen.
Sak 1. Val av ordstyrar: Tormod Knapstad
Sak 2. Val av referent: Magnhild Bøe Lysne
Sak 3. Årsmelding: Tormod Knapstad las opp årsmelding, ingen merknad til denne. Rekneskap lagt ved årsmeldinga,godkjent.
Sak 4. Vedtekter: Tormod las opp forslag til vedtekter, desse vart vedteke.
Sak 5. Val 2010-2011: Laila Kvitne, leiar i valnemnd, las opp innstilling for neste skuleår.
Leiar i FAU: Tormod Knapstad
Revisor: Åse Helleve
Leiar i valkomite: Britt Straume (1 år )
Medlem: Oddveig Sandvik ( 1 år)
Medlem: Torbjørn Søgaard (2 år)

FØREDRAG: Vennskapskule i Gambia:
Agnar Lundblad viste bilder frå tidlegare besøk i Gambia. Han fortalte litt om korleis våre born kan hjelpe born i andre land, kor viktig det er at born får utdanning, og idear om kva som kan gjerast for å få inn pengar til dette prosjektet. Blant anna kan han tenkje seg å arrengere kurs i Lino-trykk for vaksne. Klassane kan ha salgsutstilling og ein kan prøve å få lokale sponsorer.

Referent
Magnhild Bøe Lysne

Referat FAU møte mandag 3 mai 2010.
Desse møtte: Tormod Knapstad, Anders Sandvik, Rune Øyeflaten, Torbjørn Søgaard, Ragnhild Askeland Bøe, Jostein Fykse, Bente Fenne, Magnhild Bøe Lysne, Rektor var ikkje til stades på møte.

Sak 1. Referat frå sist møte vart godkjent uten merknad.
Sak 2. Rektor informerer:
Tormod opplyste at det er tilsett ein ny lærar på skulen: Borghild Haugo Ure.
Sak 3. Årsmøte FAU
Agnar fortel om prosjekt vennskapskule i Gambia.
Servering - fruktfat.
Valnemnd - gjer det dei skal.
Årsmelding tek Tormod seg av.
Rekneskap tek Bente og revisor seg av. Skal vera vedlegg til årsmeldinga.
Anders leverer rekneskap for bingo til Bente.
Vedtekter - bør sendast i lag med innkallinga til årsmøte.
Me gjekk gjennom vedtektene og gjorde nokre endringar, Magnhild lagar nytt utkast og sender på mail til alle i FAU for gjennomlesning og evt.kommentarer.
Sak 4. Uteområdet
Tak - ikkje kome så mykje lenger. O.Græe har ikkje fått gjort noko med saka, så dette vert teke opp att etter 17 mai.
Straum - Tormod har snakka litt med kommunen angåande saka, han har snakka med Bolstad Bygg og Eigedom som skal sjå korleis ein best kan lage det til og han har snakka med Øistein Skutle, som er installatør, han har sagt at han kan ta arbeidet.
Basketstativ - eit basketstativ er nede igjen, Jostein ser om det kan festast på betre måte.
Tauløypa - Torbjørn har kontroll, skal verta klar til 17 mai.
Tormod søkjer tippemiddlar på dette som er gjort ute.
Sak 5. 17 mai/jonsokfeiring
17 mai - klassen har hatt møte, alt er på stell. Dei er ein liten klasse, så kanskje dei treng litt hjelp, då gir dei beskjed.
Rune lurte på kor ein skal handle: FAU har handla på Meny før, det kan ein gjera no og.
Jonsok - klassen har hatt møte, alt er på stell, ynskjer at FAU sponsar kr. 1500,-
FAU godkjente dette.
Årets 17 mai og jonsokfeiring vert ikkje teke med på årsrekneskapen. Vert teke med til neste år.


Sak 6. Ymse
Søknad KLP - har fått svar attende at søknad er motteke og at det vert tildeling i juli.
Søknad kulturmidlar Voss kommune - Tormod søkte på pris for kva det vil koste å drive bingen i eit år: 15.000,-
Ragnhild hadde spørsmål om læringsplattforma Ped-it kontra Its learning og om FAU kan gjera noko med den saka.
Torbjørn: det kan ein ikkje. Kommunen har pålagt skulane å bruke Ped-it.
Tormod : Eventuellt måtte det vore teke opp som ei sak i KFU.
Diskusjon rundt dette.
Årsmøte: Alle bør møte!
Tormod sender ei melding viss han treng hjelp med å lage til i gymsalen.
Dei som har permar som skal leverast vidare tek desse med på årsmøte.

Referent
Magnhild Bøe Lysne

REFERAT FAU MØTE MANDAG 12 APRIL 2010.
Desse møtte: Tormod Knapstad, Sissel Folkvord, Rune Øyeflaten, Bente Fenne, Torbjørn Søgaard, Anders Sandvik, Jostein Fykse,Sigurd Knapstad, Magnhild Bøe Lysne
Sak 1. Referat frå sist møte vart godkjent utan merknad.
Sak 2. Rektor informerer:
Mykje som skjer no
Tysdag 13 april intervju av 2 nye kontaktlærarer.
Det har vore synfaring på sløydsal.
Gode brukarundersøkjingar 4 og 7 klasse + SFO
Elevane tok den på skulen, låg svarprosent frå foreldre.
Bra på SFO.
Stor påmelding SFO og leksehjelp til hausten. Størst påmelding leksehjelp i 4 klasse.
Sak 3. Årsmøte
Onsdag 26 mai kl.19.00
Innhald: Agnar Lundblad informerer om Gambia prosjektet.
Rektor snakkar med Agnar om dette.
Sak 4. Vedtekter FAU
Magnhild arbeider fram eit forslag til neste FAU møte.
Sak 5. Uteområdet
Tak: Olav Græe har laga teikningar og meiner at ein kan få gjort arbeidet på ei helg.
Har gått vekk frå skifer, heller bruke ”shingel”. FAU har søkt midlar på at det skal leggjast skifer, me må leggje fram eit rekneskap på taket når det er ferdig, så får me utbetalt etter det.
Kalle inn fagfolka av foreldra til å gjera arbeidet.
Olav Græe bestiller materiell.
Prøve å få det gjort til 17 mai.

Tauløype: Kommunen har endå ikkje kome med retningslinjer for tauløyper.
Så Torbjørn får med seg 3-4 personar til å fikse kryssande tau, lage ferdig resten av løypa + hente ”flis” og leggje under.


Kasse ved sandkassa: Jostein skal gjere den ferdig.
Rektor har ynskje om at kassa vert snudd, slik at ein kan stå i sandkassa og rydde tinga oppi. Dette tek Torbjørn og dei andre seg av når dei er på skulen for å lage tauløypa.
Ryddedag: 12 mai skal skulen ha ryddedag.
Straum til amfi: Skal ein prøve å få lagt straum til amfi scene, sjølv om me ikkje fekk middlar til det?
Alle einig om at det må ein prøve på. Bruke av FAU sine midlar til dette. Tormod snakkar med: Leif Ove Øyeflaten om han kan grave ei grøft, Per Fosse om han kan sjekke pris på kva arbeidet med å leggje kabel vil koste, E-verket om dei vil sponse ein kabel.
Sak 6. Prosjekt Gambia
Det vert ikkje tur til Gambia for Agnar i vår.
Alt fortset som planlagt, Agnar arbeider vidare med prosjektet.
klasse skal ha sundagskafe med salg av billedtrykk. Dei inviterer og lagar i stand.
Sak 7. 17 Mai
Ansvar 7 klasse
Rune sjekke om han har evalueringsperm heime.
Ha ei ramme rundt arrangementet, ellers arr.som i 2009.

Jonsok
Ansvar 1 klasse.
Sigurd fekk perm om jonsokfeiring frå Grenda Bjørgum.
Ta det opp på foreldremøte.
Sak 8. Nye klassekontaktar
4 stk. som går ut frå FAU i år.
Ein treng ikkje vera så oppteken av kjønn, men få med nokon som har lyst.
Tormod tek kontakt med valnemnd ang. valg av ny leiar og revisor.
Sak 9. Fennakrysset
Det er kome svar frå Statens vegvesen angåande førespurnad om framdrift i reguleringsplansak Bjørgum.
Statens vegvesen har kr.300 000,- til reguleringsplanarbeidet no i 2010.
Til investeringsprosjektet er det i handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan sett av 7 mill i 2013. For behov etter 2013 er det sett av kr. 8 mill.
Kommunen har laga eit forslag til kvar brua skal gå over, men ingenting er avklart endå.
Tormod har snakka med kommunen angåande 50 grensa og bede om fortgang i saka.
Sak 10. Ymse
Trafikksikkerhetsprisen 2010
Den er på kr. 50 000,-
Går på det FAU har arbeidt med frå 2007 ang. Fennakrysset.
Dette skal me søkje på %96 søknadsfrist 30 april Tormod ordnar dette.
Gullsekken
Bjørgum skule kom ikkje vidare.
Informasjonskriv
Tormod lagar forslag, sender på mail til FAU for gjennomlesning
Tek med dato for årsmøtet.
Litt info rundt brukarundersøkjingane.
Det vert ikkje fleire bingokveldar dette skuleåret.
SU har diskutert:
Behovet for å utvide skulen er stort. Sløydsalen skal lagast om til klasserom.
Det ser ikkje ut til at elevtalet vil verta mindre i åra framover.
Det er 62 born påmelde til SFO i haust.

I staden for å byggje på skulen så kan ein byggje ein fleirbrukshall med gymsal/garderober osv. og evt byggje til nokre klasserom viss nødvendig. Så kan ein byggje gymsalen inne på skulen om til fleire klasserom.

Dette kan ein søkje tippemiddlar på!

FAU må då få satt opp eit reknestykke på kva det vil koste å byggje på skulen
kontra det å byggje ein fleirbrukshall - dette må leggjast fram for kommunen.

Tormod har vore i kontakt med arkitekt Bård Mossige om kva det vil koste å gjere dette. Han vil bruke ca.2 dager på arbeidet og det vil kosta ca. kr. 10 000,-.

Alle i FAU var einige om at ein skal gå for dette. Rektor gir attende kr. 10 000,- som FAU har ”lova” å betale ein tur for skulen med, så då er pengane der til å setje i gang.

Tormod legg fram for Mossige kva behov skulen har.
Skulen skal ta dette opp mandag 19 april.

Så kan ein leggje ved ”forslaget” når skulen skal melde behova til skulen inn til kommunen.


Bingen
Olav Undeland og Frank Pedersen har laga eit hefte+ cd med forslag til songar gruppene kan øve på.
Det er laga kontrakter og gruppene som øver no har skrive under, for 1 år fram.
Det er 7 grupper som øver i bingen.
Skulen har ansvaret for nøkklane, dei fyrste som øver hentar nøkkel og siste gruppa som øver leverer den attende til skulen dagen etterpå.
Det vert ikkje teke betaling for å øve, men gruppene må bidra på evt.konsertar.
Det kostar ca.15 000,- å ”drive” bingen i eit år, så ein må evt. vurdere leige igjen til neste år.

Endra opningstider SFO
Det er kome ynskje frå 1 klasse til hausten og brukarundersøkjingane om at SFO opnar 15 min.før og har 15 min.lenger ope. (7.30-16.30)
Rektor tek saka vidare med kommunen.

Gladmelding frå rektor
Fantastisk påskelunsj torsdag før påskeferie.
Badnajazztoget- mange elevar og foreldre stilte - veldig moro.
7 klasse i Vossasalen - dei var så flinke.
Alpindag for 4 til7 kl i Bavallen var vellukka.
Dette vil skulen gjerne vera med på viss opplegget vert gjenteke .
Torbjørn gir tilbakemeldig frå skulen om dette.


Referent
Magnhild Bøe Lysne

REFERAT FAU MØTE MANDAG 1 MARS 2010.
Desse møtte: Tormod Knapstad, Sissel Folkvord, Jostein Fykse, Sigurd Knapstad, Bente Fenne, Torbjørn Søgaard, Anders Sandvik, Magnhild Bøe Lysne
Agnar Lundblad var med på fyrste del av møtet.

Sak 1: Referat frå sist møte vart godkjent uten merknad.
Sak 2: Rektor informerer:
Skulen er inni ein hektisk periode no, med rapporteringar på dette skuleåret, elevsamtalar / foreldresamtalar og planlegging av neste skuleår.
Utfordringane no er areal: Sløydsalen skal lagast om til klasserom.
Brukarundersøkelsen for 4 og 7 klasse + SFO skulle vera inne til vinterferien,
Resultata er ikkje klare enno. Når dei er klare vert undersøkjinga ei sak i skulemiljøutvalet.
Leksehjelp: 1 til 4 klasse skal ha tilbud om gratis leksehjelp gjennom SFO til hausten.
Bjørgum skule har ikkje 1 klasse med i ordninga denne hausten.
Rektor veit ikkje heilt korleis dette skal organiserast endå.
Skulen har fått to nye stillingar til neste skuleår.
Store klasssar i 1-2 og 3 til hausten.
Ny helsesyster: Trude Kjos.
Kjøpt utstyr er kome til huset. 14 bærbare pc er teke i bruk, prosjektorane er ikkje klare endå.

Spørsmål til rektor: Vert lærling i 1 klasse, som sluttar til påske, erstatta?
Svar: Vert ertstatta viss behov, då med at assistentar på huset vert ”flytta” på.

Kommentar om leksehjelpordninga: Det bør gjevast mykje og god informasjon om korleis leksehjelpordninga vil virke ut til foreldra.
Rektor heilt einig i dette.
Sak 3. Prosjekt Gambia v/ Agnar:
Agnar delte ut ein kopi til alle om tankar han har laga seg rundt opplegget med ein venskapsskule i Gambia:
Skulen han har kontakta ligg i Vest-Gambia og heiter Nyofelleh Lower Basic School.
Grunngjevinga hans for å ha ein venskapsskule i eit utviklingsland er at elevane skal verta kjende med andre kulturar og læra korleis born har det i andre delar av verda.
Dette prosjektet er tenkt for storskulen, der elevane skal skriva/teikna, sende bilete til kvarandre som fortel korleis ein lever i dei to landa.
Vidare er tanken at ein kan støtta skulen med økonomiske midlar som elevane er med på å skaffa tilveges, gjennom evt.konsertar, kunstutstillingar osv.på skulen. Desse pengane skal i utgangspunktet brukast til å heva standarden på skulen i Gambia.
Ein kan og arbeide med å skaffa sponsorar utanfor skulen.
For å koma i gang med prosjektet må nokon frå skulen reisa til Gambia for å laga ein skriftleg avtale om korleis pengane skal overførast/nyttast og ordne med bankkonto.
Så bør ein ha ei nemnd til å arbeida vidare og koma med eit meir konkret opplegg på dette. Evt. 2 frå skulen, 1 elev og 1 frå foreldre.
Agnar meiner at dette er eit trygt prosjekt og at pengane vil koma fram.
Ein bør ha ei tidsramme for engasjementet.
Vadmyra skule i Bergen har venskapskule i Gambia, Agnar vil ta kontakt med dei for meir info.

Personalet på skulen er positive til saka, så vil Agnar ha godkjenning frå FAU og SU og tilslutt må ein ha godkjenning frå kommunal sjefen.
Dette må vera ei skulesak %96 stå i planane til skulen.
Agnar vil be om å få innsyn i kva pengane vert brukt til.


FAU støttar at det vert arbeid vidare med saka!
Vil gjerne ha meir info.seinare og då vurdere om ein skal gå inn med støtte til evt. reise for 1 person til Gambia.
Sak 4: Årleg sponsing av tur til 7 klasse til Bergen?
Fortset me å arrangere jolatrefestar og 17 mai som før, så får me inn ca. 10-15.000 kr på det.
Rune har sjekka prisar på buss og tog. Buss vert det enklaste alternativet, hentar og køyrer til plassen. Pris kr. 8200 for buss til 45 pers.


Rektor- skulen legg tur for 7 klasse til Vilvite senteret i Bergen inn i ped.årsplan -fast.
Så betaler skulen den turen.

Vedtak: FAU betaler for reise til Skutlesåsen, for heile skulen, ein gong i året. Så sant det er økonomi til det!

Sak 5: Planlegging byggetrinn 2 på amfiet
Tormod: ein bør få gjort ferdig tak på amfi i vår, slik at ein kan søkje nye midlar på dette og tauløypa.
Tormod og Jostein kallar inn til møte for å finne ut kva som trengst til arbeidet osv.
Dugnad klassevis.
Ta dette opp att på neste FAU møte.

Sak 6: Skidagar no i vinter
Torbjørn: tilbudet om skidag i Bavallen står ved lag i mars, han formidlar kontakt mellom Bavallen og skulen.
Dette vert ei tilbud for 4 til 7 klasse.
Vert dette eit fast opplegg kvart år, vil det koma inn i årsplanen til skulen.
FAU vedtok å betale denne turen i år.
FAU betaler tur til Skutlesåsen for heile skulen (sjå sak 4)
Sak 7: Ymse
Tormod lagar til nytt info skriv, sender det til FAU medlemmene på epost, for gjennomlesning.
Komunen har sagt JA til 50 sone ved Bjørgum.
Bingen- lage ein ny aktivitetsdag der. Ta dette opp på neste møte.
Neste runde i den kulturelle skulesekken er 10 mars 2010.
Sceneteppe: elevrådet har teke dette opp, så dette vert ei skulesak - kunst og håndverk.
Bingo - det er fullt i gymsalen i vekedagane. Anders snakkar med Idrettslaget om 2 kveldar, alternativet er å bruke klasserom. Anders lagar til to datoar slik at Tormod får det med i info skriv.

Referent
Magnhild Bøe Lysne

Referat FAU møte mandag 01.02.10


Desse møtte: Sissel Folkvord, Tormod Knapstad, Unni Fosse, Rune Øyeflaten, Torbjørn Søgaard,Ragnhild Askeland Bøe, Anders Sanvik, Magnhild Bøe Lysne.
Agnar Lundblad var med på fyste del av møtet.


Fyrste del av møtet fekk FAU ei orientering frå Agnar Lundblad om eit prosjekt han har lyst å få i gang: at Bjørgum skule får ein vennskapsskule i Gambia. Der elevane sender brev/bilder til kvarandre og at det vert samla inn pengar til den aktuelle skulen. Agnar har allereie funne ein skule som er aktuell. Me fekk og sjå fine bilder frå Gambia.

FAU vil gjerne vite litt meir om omfanget rundt dette, korleis det skal gjerast, kor lengje osv. før ein tek stilling til saka. Agnar legg det fram på neste FAU møte.

-------------------------------------------------------------------------------


Sak 1.Referat frå sist møte vart godkjent uten merknad.

Sak 2.Rektor informerer:

Bjørgum skule er innstilt til beste skule i den kulturelle skulesekken.
Brukarundersøkelse for 4 og 7 klasse vert sendt ut før vinterferien, og til SFO.
Ellers er det gjort litt omrokkeringer på personalet i nokre klasser, har fått inn ekstra ressurs i 1 klasse og i 3 klasse er det no 3 til 4 vaksne.
På SU møte denne veka var temaet: stort nok areal til aukande elevmasser i tida framover.
Tiltak no: sløydsalen skal pussast opp til klasserom.
Tiltak framover: påbygg/nybygg?
1 klasse til neste år vert 27 elevar, klassen skal delast.

Sak 3. Høyringsbrev frå Statens vegvesen:

FAU har fått brev frå Statens vegvesen: Farten skal senkast til 50 km og skilt skal flyttast lenger mot Filipshaugen.
Me må høyre med Statens vegvesen igjen angåande kryssningspunkt få trykk på det igjen.

Sak 4. Overskot jolatrefestar:

Fekk inn totalt kr. 18403,-
Utgifter: kr. 7446,-
Overskot kr. 10957,-

Sak 5. Planlegging byggetrinn 2 på amfiet:

Me har fått pengar til tak på amfi:
Kva planar har Jostein og 5 klasse laga på dette?
Fint om taket er klart til våren.
Dugnad klassevis.
Ta dette opp att på neste møte.

Unni har betalt alt tauet og har fått attendebetelt frå FAU.
Søkje nye tippemidlar på tauløypa.
Torbjørn arbeider fortsatt med å få tak i retningslinjer for tauløyper.

Sak 6. Ekstra stoler i gymsalen:

I Vonheim byter dei ut stolane sine. Tormod har snakka med dei og Bjørgum skule kan få nokre av dei”gamle” stolane.
Sissel snakkar med vaktmeister om kor mange det er plass til, stolane må oppbevarast på lageret. Sissel gir beskjed til Tormod.


Sak 7. Ymse:

Sceneteppe
Elevrådet skal ta det opp på møte 03.02.10.
Skal det berre vere bakteppe, korleis vil ein ha det osv.?
Evt. kan 6 og 7 klasse lage det.

Skidag i alpinanlegga

Skulen fekk i januar tilbud om at elevane kunne kome på skidag i
Bavallen for kr. 50,- med undervisning av instruktør.
Dette var oppe blant 5 og 7 klasse, men vart ikkje gjort noko meir med.
Rektor ynskjer klare føringar frå FAU kva dei meiner om skidagane til
skulen, skal det vera ein eller to? Felles eller delt? Kor skal dei reise osv?

Det vart ein del diskusjon fram og tilbake om dette.
Konklusjonen vart : Torbjørn sjekkar om dette tilbudet fortsatt står ved lag i år, og om dette vert eit tilbud som kjem kvart år.
Frå skulen si side er det snakk om ein skidag i år, då vil gruppa evt. verta delt:1-3 klasse i Skutlesåsen og 4-7 klasse i Bavallen.
Elevrådet har dette som sak på møtet sitt 03.02.10.
FAU tek dette opp att på neste møte, når ein veit kva elevrådet ynskjer og om dette er eit årvisst tilbud frå Bavallen.

Tur til Vilvite senteret i Bergen for 7 klasse:

Skal FAU sponse turen for 7 klasse kvart år?
Rune sjekkar til neste møte kva det vil koste med buss til Bergen, og kva det vil koste med tog.
Elevrådet har dette som sak på møtet sitt 03.02.10.%09
FAU tek dette opp att på neste møte , når ein veit kva elevrådet ynskjer og kva ein slik tur vil koste.

Skulemiljøutvalg:

Alle skular skal ha eit skulemiljøutval.
I skulemiljøutvalget skal elevar, FAU, tilsette, skuleleiing og kommune vera representerte.
Skal behandle saker som angår skulemiljø.
FAU valgte inn Tormod Knapstad, Torbjørn Søgaard, Sigurd Knapstad og Rune Øyeflaten for dette skuleåret.
Må hugse å velje nye til hausten for skuleåret 2010/2011.

Neste møte: mandag 1 mars kl. 19.30.


Referent

Magnhild Bøe Lysne

MØTE I FAU 11.01.10
REFERAT



Til stades:Rune Øyeflaten, Bente Fenne, Tormod Knapstad, Jostein Fykse,
Anders Sandvik, Sigurd Knapstad, Torbjørn Søgaard og Cato Vivås





1.Referat frå forrige møtet:

Godkjendt utan kommentarar.




2.Rektor informerer (Tormod):

-Ressursane i 1. klasse er no på plass.
-Klassifisering av skulevegane pågår no. Dette vert teke opp på SU-møte.
Fristen er 01.02.10.


3.Søknad til Gullsekken:

-Skulen driv å utarbeider ein søknad som vert sendt innan fristen.



4.Oppsumering av joletrefestane:

-Informasjon ved Torbjørn og Anders.
-Overskotet frå festane i år vert som vanleg om lag kr 10 000.
-Festen for 1-4 klasse gjekk veldig bra. Det var veldig stor påmelding i år, men alle kom ikkje. Likevel vart det heilt fullt i salen. Det vert laga eit informasjonsskriv som vert lagt i permen til neste år.
-5-7 klasse festen var også bra gjennomført. Fekk litt av varelageret frå festen kvelden før. Det var bestilt litt for mykje kringle.
Det var litt uklart kor stolane skulle attende etter festen.
Nokre foreldre kom med eit ynskje om at elevane som arrangerte festen skulle ha fri entre. Dette diskuterte FAU, men vart einige om å halde fram den ordninga som er. Det vert også her laga eit informasjonsskriv og lagt i permen.


5.Trafikksikringsplan:

-Det kom lite innspel frå forledre.
-Ein følgjer dei innspela som alt ligg i planen.
-Det kom to innspel frå skulen.
-FAU hadde to innspel, eit om ljos i Opelandsvegen og eit om ljos mellom kunstgrasbanen og Veiso.


6.Synfaring med Statens Vegvesen:

-SV fekk ein del innspel på synfaringa.
-Det vert gjennomført tiltak ved avkøyringa frå hovudveg til Bjørgamarka.
-Krysningspunkt for mjuke trafikantar vert utarbeidd seinare.


7.Bruk av FAU- midler:

-Ulike idear og tiltak vart diskutert.
-FAU vil utfordra elevrådet til å koma med innspel og idear om kva dei treng og kva dei kunne tenkje seg.


8.Ymse:

-Basketkurs: Rune Nåmdal skal halde kurs i Street Basket for alle lærarane
14.01.

-Sceneteppe: FAU er villige til å støtte dette økonomisk. Forslag at dette vert eit
prosjekt for ein av dei eldste klassane.

-Bingokveldar: Har fått inn ein del pengar. Den andre bingokvelden hadde litt
dårleg oppslutnad då det var same kvelden som Nissefesten i
Solheim. Det vert skipa til 2-3 bingokveldar i vårhalvåret.
Anders fastset datoar.

-Manglande bilag: Tormod lagar eit nytt bilag.

-Innspel frå FUG: Dei ynskjer å ha fokus på det fysiske og psykososiale miljøet
ved skulane, jmf § 9a. Vil fremja helsetrivsel og læring.
Dette vert teke med til SU og drøfta i lag med dei.


Neste møte vert 19.30




Referent Cato Vivås

Referat FAU møte 02.11.09
Desse møtte: Sissel Folkvord, Tormod Knapstad, Bente Fenne,
Anders Sandvik, Torbjørn Søgård, Sigurd Knapstad, Magnhild Bøe Lysne.

Fyste del av møtet fekk FAU ein orientering frå vurderingsgruppa, som består av Sten Tore Svennes: rektor i Ulvik og Tove Haugen: lærar i Strandebarm, om den eksterne vurderinga som føregår på Bjørgum skule no - elevvurdering.
Gruppa går gjennom spørjeskjema til foreldra, intervjuar elevar,tilsette
og rektor. Dei går gjennom diverse planar som skulen har, og observerer
rundt på skulen.
Rapporten vert delt ut til skulen på torsdag 5 november kl. 12.00.



Sak 1. Referat frå sist møte vart godkjent uten merknad.

Sak 2. Rektor informerer:
Fokus denne veka er ekstern vurdering + drift og utviklingsarbeid.
Skulen har fått 3 nye elevar etter skulestart - det er no 146 elevar
på Bjørgum skule.
Rektor arbeider mykje med å få tak i vikarar og «flytte» på lærarar.
Det er ikkje mykje sjukdom hjå elevane.
Bygg: rydda ved innkjørsel - skal lagast bosbod. Skal få ny dør inn til
SFO. Det skal ryddast litt meir skog langs gjerdet.
Har ikkje vore hærverk no, bra!
Foreldresamtalane går sin gang.
Høgare svarprosent på vurderingskjema enn før - fekk inn 58 svar.

Sak 3. Uteområdet:
Torbjørn sendte mail til Voss kommune ang. tauløypa og godkjenning
av den. Fekk til svar at dei ikkje hadde retningslinjer på dette, så dei
skulle koma attende til saka. Torbjørn tek meir kontakt med kommunen
om dette, slik at me kan lage til resten av løypa.
Kasse og baskettballstativ: Tormod tek kontakt med Jostein om korleis
det ligg an med desse sakene.






Sak 4. Økonomi:
Bente kunne fortelje at pr.dags dato står det kr. 44.820,- på konto.
Har ikkje fått spelemidlar på kr. 113.000,- endå.
Tormod har snakka med FUG og Else Berit Kyte ang. det å kjøpe ting
direkte til skulen. Dei sa at FAU kan kjøpe ting til skulen i form av gåve.
FUG sa og at FAU bør tenkje på ting som gagnar alle.

Sak 5. Musikkbingen:
Brev sendt ut til alle elevane på skulen ang. opning av «bingen»
den 21 nov.2009.
35 born har meldt seg på, mest elevar som går på skulen.
Har fått 7 lærarer til opningsdagen.
Målet er at det skal øvast på enkle songar,innafor kvart musikkinstrument, og at ein evt. kan lage konsert i lag til våren.
FAU sponsar litt mat til dei som er her den dagen.
Prøve å få lærarer opp til «bingen» for å ha øving, istadenfor at elevane
skal reise på vangen.
Det vert kanskje ei kommunal markering, dette er litt avhengi av at
musikkinstrumenta som kommunen betaler (verdi kr.50.000,-) kjem til denne dagen.
Olav Undeland snakkar med kommunen om at musikkbingen treng
2 gitarer, 1 bass og forsterkere.

Sak 6. Vegkryss Fennavegen:
Tormod har snakka med Røneid:sjef for Vossapakka han har sendt
eit brev til skulen, som ingen har fått,men Rønneid har ikkje gjort noko meir.
No skal R. Nesheim ta tak i saka igjen.

Sak 7. Ymse
Joletrefest: møte m/foreldre i klassane som har ansvar for festane er
satt opp i midten av november.
Plastikk joletre: skal FAU betale dette? Pris ca. 3000,- kr.
I fylgje Tormod har Rune Ringheim og Leif Petter Fykse arrangert
ein konserttur, som gjekk med overskot, dei har då sagt at dei kan
betale for eit plastikkjoletre.
Torbjørn sjekkar dette.
FAU betaler i så fall rekninga, og så betaler dei attende til FAU.






Joletrefest:
Ragnhild A.Bøe kjøper joletre. Sjekk at det er fot med til treet.
Lagrast i bomberom.
Priser på joletrefestane vart satt på møte tidlegare i vår:
kr. 50 pr.vaksen
kr. 30 pr.barn
Familiepris kr. 150 pr.kveld. Besteforeldre osv.går ikkje inn i denne prisen.
Ta med prisar på innbydelse.

Skulen si side på «grenda»?
Ikkje oppdatert informasjon. Rektor har gitt inspektøren i oppgåve å
oppdatere dette.

Permane:
Alle har fått FAU permane.
Alle må oppdatere/setje inn referat osv.

Infoskriv kjem på mail til FAU frå Tormod, til gjennomlesing.

Bingo:
Tysdag 10 november kl. 18, 7 klasse arrangerer.
Tysdag 8 desember kl. 18, 6 klasse arrangerer.

Anders: Kva med akebakke i stien ved sida av klubbhuset?
Diskusjon rundt dette. Kasta det vidare til skulen, vil skulen ha
den så kan FAU sjå vidare på saka.
Rektor vil gjerne ha ein akebakke, som er sikker og god.
Så dei ser på dette, og så tek me det opp att på neste møte.


Referent
Magnhild Bøe Lysne

Referat FAU 12.10.09
Referat FAU møte mandag 12.10.2009.

Desse møtte: Tormod Knapstad, Sigurd Knapstad, Jostein Fykse,Gunn Tove Østrem, Torbjørn Søgård, Anders Sandvik, Rune Øyeflaten(siste halvdel av møtet), Magnhild Bøe Lysne.



Sak 1. Referat frå sist møte vart godkjent med ein merknad:
Anders Sandvik var tilstades på møtet.

Sak 2. Rektor informerer: Dette gjekk ut, då rektor ikkje var tilstades på møtet.

Sak 3. Aktivitet 2009-2010.

Natteravner: hugs å skaffe folk og gje beskjed til rektor kven som går. Minne foreldra på det når dato nærmar seg.

Gjekk fort gjennom valg, sidan det var mange «vara» på sist møte.Viktig at alle klassar har ein representant på møtene.

KFU: Sigurd sjekkar om det er «i drift».

Bygg og eigendom: Torbjørn har snakka med dei, ventar på svar om når det passar for dei å kome opp. Skaffar folk frå klassen til å vera med å lage meir tauløype.

Torbjørn må lage til ei liste over dugnadsarbeidet som vart gjort når tauløypa vart laga(antall timar og antall personar).
Dette må vere med når det skal søkjast om forenkla spelemidlar.

Arbeid uteområdet:
Leikekasse: Jostein må sjekke om det er retningslinjer for korleis lokk må vera hengsla/låst. Torgeir skal skaffe lokk, dette skal ordnast før vinter kjem.
Hengje opp att basketkorger.

Tormod lagar ny søknad om forenkla tippemiddlar i løpet av hausten, på bordtennisbord, balansestokk, tauløype osv.


Sak 4. Jolatrefest.

4 og 6 klasse fekk evalueringsperm.
Må ha møte med foreldra i forkant.
FAU går for at det vert kjøpt inn kunstig juletre, pga. allergier.
FAU har på tidlegare møte bestemt at ein går for at jolatrefestane skal gå som før. Og at ein ynskjer at elevane får vera med å bestemme kva dei skal framføre som program på festen.
Datoar for jolatrefestane i år vert:
Onsdag 16 desember for 1-4 klasse.
Torsdag 17 desember for 5-7 klasse.

Sak 5. Bingo
Anders har ansvar for å skaffe folk til dette, dei eldste klassane arrangerer.
2 bingokveldar i haust og 2 til våren.
Eventuelle datoar for i haust: 27 oktber og 23 november (må sjekke kva som skjer i gymsalen desse kveldane fyrst).
Anders og Tormod sjekkar premiar/bongar osv.

Sak 6. Infoskriv.
Vart einige om at Tormod skal lage infoskriv frå FAU i år og.
Med kontaktinfo, bingokveldar, jolatrefestar osv.
Litt info. om pengane FAU har fått.
Åpne opp for tilbakemeldingar frå foreldra.

Må lage vedtekter for FAU: Magnhild ser på den saka, ilag med Tormod.
Referat frå FAU møtene skal leggjast ut på Grenda Bjørgum: Magnhild har ansvar for det.

Sak 7. Bruk av midlar.
FAU har fått: 113.000 frå fylkeskomunen (av desse skal det leggjast tak på amfi, bruker kanskje halvparten til det).10.000 frå Voss Sparebank,15.000 frå komunen.
Tormod har ikkje fått snakka med Bente om kva som står på konto pr.dags dato. Men pengane bør brukast, ikkje stå på bok!
Me tok ein diskusjon rundt den saka: kva kan me bruke pengane til?
Bør gjera noko som gagner alle alderstrinn på skulen.
Evt.leggje straum til amfi? Handballbane?


Sak.7.
Kan me kjøpe ting direkte til skulen, kva føringar gjeld for dette? Tormod sjekkar med FUG.
Evt. ta det opp i info.skriv og be om tips og idear frå foreldra.
Dette må alle tenkje på, og så tek me saka opp att i januar.

Einstemmig vedteke: FAU betaler transport til ein fellestur for elevane.

Sak 8. Ymse

Sigurd: Korleis går det i saka med Fennakrysset? Tormod skal sjekke dette opp.

Anders: Søknad om kommunale kulturmidlar (frist 20.10). Kan me søkje på noko der? Tormod trur ikkje det er noko me kan søkje på der. Men kjem FAU over «gode ting» å søkje midlar på ,så kan me også tipse idrettslag/ungdomslag om dette.

Tormod: Ang. Eilert Nikolaisen i valnemnd (har ikkje born på skulen).Laila Kvitne tek på seg det vervet i valnemnda.

Skulegensar: FAU gjer ikkje noko med den saka.

Rune fekk evaluering av 17 mai 2009.



Referent
Magnhild Bøe Lysne

Referat FAU
REFERAT FAU-MØTE BJØRGUM SKULE


Tid:Tysdag 15. september kl. 19:30 - 21:15
Til stades:Sissel Folkvord ,Tormod Knapstad, Tove Haukås Fosse, Bente Fenne, Ragnhild A. Bøe (på siste del av møtet), Torgeir Gjelland, KariTrana (for Magnhild Bø Lysne).


Sakliste:
1)Rektor informerer
* God skulestart
* Alle årssteg skal ha foreldremøte i løpet av september
* På SFO-foreldremøtet møtte 14 av 65... (det vart på møtet påpeika at innkallinga kom på kort varsel)
* 5. årssteg skal ha nasjonale prøvar; engelsk og matte digitalt pluss matte papirutgåve innan veke 39
* Ny utgåve av PedIT kjem
*Skuleguiden skal vere ferdig til haustferien (ikkje for sal i år).


2)Natteravnar 2009-2010
Sissel har sett opp liste over datoar for heile skuleåret.
Vedtak: Kvart årssteg får ansvar for tre kveldar (7. årssteg to). Foreldrekontakt melder tilbake til Sissel kven som skal ha vakt. Hugs å purre vaktene ein dag eller to i førekant.
1. årssteg: 6. 9. og 10. oktober
2.11. oktober, 31. desember, 1. januar
3.23., 26. og 27. februar
4.28. februar, 28. og 31. mars
5.2., 3. og 5. april
6.30. april, 12. og 16. mai
7.22. og 24. mai.


3)Oversikt over medlemmer og varamedlemmer til FAU 2009-2010
Liste over medlemmene vart lagt fram på møtet. Ein skriv på telefonnr. og e-postadr. Hugs at dei som ikkje var til stades på møtet også gjer dette!



4)Val/kontituering
Vedtak:
Nestleiar: Torbjørn Søgaard. Også vere representant i SU.
Skrivar:Magnhild Bøe Lysne.
Kasserar:Bente Fenne.
Vara SU:Magnhild Bøe Lysne og Bente Fenne.
Ansvarleg søknader:Anders Sandvik.
Ansvarleg utlån grill:Rune Øyeflaten.
Medl. arb.gruppa uteomr.: Jostein Fykse.
Medlem KFU:Sigurd Knapstad.


5)Aktivitet 2009-2010
Gjennomgang plan frå sist møte. Sjå lista under med merknader/vedtak.


6)Ymse
Ingen saker.




FAU BJØRGUM SKULE 2009 - 2010

Vidare fokus på uteområdet på skulen. Framdriftsplan.
Møte med bygg og eigedom i kommunen. Tormod tar dette.
Tauløypa; endring, utviding. Fallunderlag. Torbjørn ansvar for dette.
Leikekasse ferdig. 5. klasse får ansvar for dette.
Endra balansestokk? 5. klasse får ansvar for dette.
Hærverk på ballvegg etc. 5. klasse får ansvar for dette.
Kasse til sjakkspelet. 5. klasse får ansvar for dette.


Økonomi
Ny søknad om forenkla spelemidlar. Tormod.
Vi har fått 113.000 frå Hordaland Fylkeskommune til utescenen. Prisoverslag på tak: 50.000. Vi ventar til våren med dette arbeidet.
Klage på vedtak frå MKU. Er sendt.
10.000 frå Voss Sparebank.


Gjeremål 2009 - 2010
Jolatrefestar (4. og 6. kl. arrangerer). Fastset datoar i oktober.
Skulekonsert? Evt. til våren.
17. mai (7. klasse)
Jonsokfeiring (1. klasse). Det har kome spørsmål frå ”Grenda Bjørgum” om 1. klasse (foreldra) kan ta ansvar for dette. Vedtak: Ja.
Avslutningar klassevis? / Sosiale kveldar i klassane med foreldre.
Avgjer ikkje noko no.
Arbeidsplanar for gjeremål. Vi har arbeidspermar for 17. mai- og Jonsokfeiring og juleavslutning.


FAU si rolle i ”Grenda Bjørgum”
Arrangera bingo / spelekveldar gjennom skuleåret? Anders får ansvar for dette. To gonger haust og vår, vi fastset datoar i oktober.
Arrangera sjakk-kveldar? Avventar.
Anna? Avventar.


Informasjonsskriv frå FAU til alle foreldre jevnleg
Kven er med i FAU, kontaktinfo
Kva er måla våre i år
Påminningar etc
Informera om progresjon i uteområdet, halda dette ”varmt”
2 utgåver i 2009-2010
Leggja referat ut på www.grenda-bjorgum.no? Vedtak: Ja.


Møteplan
- Møter fyrste mandag i månaden 19:30?
Vedtak: Det vert FAU-møter 12. oktober, 2. november, 7. desember, 11. januar, 1. februar, 1. mars, 12. april og 3. mai. Alle dagar kl. 19:30.


Saker framover
Oversikt over medlemmer og varamedlemmer i FAU 2009-2010. Sjå sak 3).
Val av nestleiar, skrivar, kasserar, KFU-medlem, 2 varafolk til SU, medlem arbeidsgruppe utområde, ansvarleg søknadar, ansvarleg utlån av grill. Sjå sak 4).
Liste frå rektor over dagar der ein ynskjer FAU skal gå natteravn på skuleområdet. Sjå sak 2).
Vedtekter for FAU Bjørgum skule? Magnhild vert utfordra på å lage utkast til vedtekter saman med Tormod, til årsmøtet.
Spørjeundersøking blant foreldre om FAU’s arbeid? Vedtak: Nei, men klassekontaktane skal be foreldra melde tilbake på foreldremøte.
Farleg vegkryss, vidare oppfylging. Tormod.
Musikkbingen, avtale med kommunen om drift. Svein og Olav har fått i oppdrag å legge føringar når det gjeld kjøp av utstyr. FAU driftar; utlån, reglar osb. Dette vert sak på seinar FAU-møte.
Kunstgrasanlegget, brukarråd. Sissel blir truleg med der.
Endring i valkomiteen? Eilert Johan Nikolaisen går ut. Vedtak: Klassekontaktane spør på foreldremøte om nokon er interessert i å vere med, 2 år.
Info om gangveg på Stuarjo / Veiso. Foreldre med elevar som går forbi sender brev med søknad om å hogge skog langs vegen.
Evt. stønad frå FAU til Bjørgamarka Grendalag vedr. sak rundt kommunens bustader i Bjørgamarka. ”Grenda Bjørgum” har sendt brev til kommunen der ein ber om eit møte. FAU har også signert dette brevet.

Ref.
Kari Trana

SIKKER SKULEVEG OVER FENNAKRYSSET
Kopi av brev som vart sendt 7. november 2007:


FAU
Bjørgum Skule
Tjørnahaugane 60
5700 Voss



Statens Vegvesen
Askedalen 4
6863 LEIKANGER
Voss 5. november 2007



SKULEVEG OVER RIKSVEG 13 VED FENNAKRYSSET, VOSS KOMMUNE.


FAU på Bjørgum skule i Voss kommune ynskjer tiltak for ei sikker kryssing av Riksveg 13 ved Fennakrysset. Bjørgum skule er ein av dei største skulane i kommunen med til saman 139 elevar fordelt på 7 klassar. Dagleg kryssar mange av desse Riksveg 13 ved Fennakrysset. Krysset vert brukt av alle som brukar gang- og sykkelvegen som går parallelt med riksvegen, dvs. alle som kjem frå Mala, Dalsleitet og Filipshaugen samt elevar frå Bjørgum / Grove og frå Mønshaugen.


Utanom skuletida nyttar borna våre vegen til fritidsaktivitetar i grenda: mange spelar fotball, 4H har mange aktive, her er arbeidsstove og ulike aktivitetskveldar på skulen. Skulen arbeider med å få omarbeida skuleområdet til nærmiljøanlegg som vil føra til auka bruk. Elles vil me visa til prosjektet vårt "Grenda Bjørgum" som har sitt utgangspunkt i at vi ynskjer meir aktivitet i grenda. Sjå våre nettsider www.grenda-bjorgum.no
I tillegg vert gang- og sykkelvegen %F2g brukt av mange som turveg og brukarane har både barnevogn og rullator.


Fartsgrensa i krysset er sett til 60 km/t og merka med skuleborn, og sjølv om dette hadde ein effekt i høve til ulykker, er dette på langt nær nok i høve til at det skal vera ein trygg skuleveg for borna våre.


I Trafikksikringsrapport for Voss kommune 2003 -2006 er krysset omtala som farleg. For Bjørgum Skulekrins er ny gang- og sykkelbru over RV 13 prioritert som nr 1 av invisteringstiltaka, saman med kanalisert avkøyringsfil. I kommuneplan 2007 -2018 er Gangbru over RV13 ved avkøyrsle til Grove prioritert som nr 7. I Trafikksikringsplan for kommunen er gangbru over RV13 ved avkøyrsle til Grove prioritert som nr 1 av tiltak på riksvegnettet.




Mogeleg løysing vist i trafikksikringsplanen:



Vi veit at når Vossapakko vert realisert, vil det føra til auka tungtrafikk i krysset. Bortkøyring av massane frå dette arbeidet skal køyrast forbi Fennakrysset. Det er difor slik me ser det viktig at sikring av krysset skjer før dette arbeidet tek til.


FAU ynskjer fyrst og fremst ein under- eller overgang i tråd med eksisterande planar. Dersom det ikkje let seg realisere med det fyrste vil me be om at fartsgrensa vert vurdert senka til 50 og at skiltet med fartsgrensa vert flytta lenger sør. Slik skiltet står no er det alt for tett til det punktet brukarane kryssar vegen på. Eit alternativ kan vera nedbremsingsfelt, evt. med dumpar og gangfelt, helst med lysregulering. Me ynskjer %F2g gangfelt med nedbremsingsfelt i byrjinga av Fennavegen.

Me vonar de vil sjå på innspela våre og setja i verk tiltak så snart som mogeleg som kan gjera skulevegen for borna våre tryggare.



Med venleg helsing


___________________
Tormod Knapstad - leiar i FAU



Kopi: Voss Kommune
Uttrågata 9
Boks 145
5701 VOSS