Bjørgum bygdekvinnelag kom i gang i 1938, då som Bjørgum bondekvinnelag, og har vore i gang sidan, bortsett frå krigsåra( 1940-45 ),då alt lagsarbeid låg nede. I 2001 skifta laget navn til Bjørgum bygdekvinnelag,då det er eit meir dekkjande og inkluderande navn. Bjørgum bygdekvinnelag er tilslutta Norges bygdekvinnelag,ein landsdekkjande organisasjon,og arbeidar etter deira vedtekter. Er og tilslutta fylkesorganisasjonen. http://www.bygdekvinnelaget.no
Bygdekvinnelaget arbeidar for bygda og grenda sitt beste,og for å ta vare på dei sosiale og kulturelle interessane til bygdefolket. Bjørgum bygdekvinnelag har møte ein gong i månaden i vinterhalvåret,der ein tek opp aktuelle saker og har ymse underhaldning. Laget har og ein tur årleg.
I 2008 har laget 35 medlemmar. Dei siste åra har laget hatt god rekruttering av yngre kvinner og ynskjer enno fleire velkomne.
Styret i 2009 -
Leiar - Randi F. Opheim Nestleiar - Elin Helgaset Skrivar - Ingunn Hamre Skutle Kasserar - Trude Gjermo Studieleiar - Marit Dagestad Østerbø
Informasjon om lagsmøter og andre aktivitetar finn du på vekeplan/kalender.
|